Velkomen til Fantacity!

Denne veka har 9. trinn hatt tverrfagleg prosjektarbeid. Elevane har brukt kunnskapar og ferdigheiter frå fleire fagområde til å utvikle sine eigne berekraftige byar i læringsspelet Minecraft. Fredag flytta 8. trinn inn!

8. trinn fekk flytte inn i byane. Dei fekk både omvising og moglegheit til å bygge eigne berekraftige hus. 9. trinn var rettleiarar. Simen Jansen Blokkhus

Elevane blei delte i grupper på tvers av klassar, og måtte samarbeide om både idéutvikling, planlegging og bygging gjennom heile prosjektet. I starten av veka fekk vi besøk av Susanne Nesse frå “Spis opp maten”, som heldt eit innlegg om berekraftig matforbruk. Elevane blei òg sendt på ulike berekraftskurs i regi av lærarane på trinnet. Kursa handla mellom anna om berekraftig infrastruktur, energi og verdien av vatn. 

Fredag presenterte elevane byane sine for 8. trinn. Etterpå fekk dei nye innflyttarane byggje eigne berekraftige hus i byane, under kyndig rettleiing av byplanleggjarane. Her kan du sjå 8. og 9. trinnselevar i skjønn foreining:

Har du spørsmål?

Åse Prøis Persson
Åse Prøis Persson
Adjunkt med tilleggsutdanning
94016186